Om oss
LiF er eit sosialt, og faglig tiltak for realfagstudentane i Førde. Vi ser eit behov for eit tiltak som fremjar sosial kontakt innad og mellom klassane, ikke nødvendigvis med alkohol. Linjeforeninga vil forsøke å plassere seg mellom SiF og NITO, i hovudsak som eit sosialt tiltak som kan gje fagleg utbytte: Dess betre ein kjenner nokon, dess enklare er det å ta kontakt dersom ein støter på problem – fagleg så vel som personleg.

Lif-styret
Styret er ansvarlege for den daglege drifta og leiinga av LiF. Dei jobber kontinuerleg med både interne og eksterne avtalar mellom anna HVL Skape, Saman og andre. Styret er óg bindeleddet mellom LiF og HVL-administrasjonen, SiF, studentrådet og andre aktørar på høgskulen. Styret vert valde av generalforsamlinga til LiF, som er den øvste myndigheita i organisasjonen.